I fleire år har Ørstavik Sanitetsforening gitt pengar til Ørsta Folkebibliotek øyremerka for innkjøp av barnebøker på nynorsk til eittåringane i Ørsta. Helsestasjonen er med på opplegget, og gir kvar eittåring eit kort der det står at bokgåva kan hentast på biblioteket.

Målblomen vart delt ut til sanintetskvinnene på Ørsta mållag og Ørsta Folkebibliotek si tilstelling "Les nynorske bøker for borna", Nynorskdagen 12. mai på biblioteket.

I grunngjevinga for denne målblomutdelinga står det: "Å lese bøker på nynorsk for born er viktig for at dei skal verte kjende med det nynorske skriftspråket og verte trygge nynorskelevar. Ørstavik Sanitetsforening har i fleire år gitt ei nynorsk barnebok til eittåringane i Ørsta. Slik er laget med på å gi borna ein god start på vegen til å verte nynorskbrukarar. Målblomen frå Ørsta mållag er ei takk til Ørstavik Sanitetsforening for den fine språkgåve de gir til borna."

- Eg vart overraska og svært glad for Målblomen! Det er ikkje så ofte me får noko. Det vanlege er at me gir, sa Eva Mork då ho tok imot Målblomen på vegner av foreininga.

Les nynorske bøker for borna!

Hidegunn Hovde frå Nynorsksenteret, det nasjonale senteret for nynorsk i opplæringa, heldt føredrag om å lese for born.

- Born lærer språk gjennom øyra. Skriftspråket i barnebøker har eit rikare språk enn daglegtalen, det har ei anna setningsoppbygging med færre fyllord og innskot enn det munnlege språket, sa Hildegunn Hovde.

Høgtlesing for born er med på å auke ordforrådet. Foto: Privat

- Høgtlesing for born er med på å auke ordforrådet, det skaper interesse for språk og språklydar. Å få erfaringar med nynorsk er særleg viktig for born som veks opp i nynorskområde for at dei skal verte trygge nynorskbrukarar.

- Ein ser at borna leikar ut tekst og replikkar frå bøker, og dersom ein les for dei på nynorsk, vil dei også kunne nytte nynorske ord og setningar i leiken sin.

Hildegunn Hovde understreka også den spesielle verdien av den nære og intime situasjonen som oppstår mellom den vaksne og barnet i lesestunda.

Den årlege produksjonen av nynorske barnebøker er mindre enn den på bokmål, men kvaliteten på nynorskbøkene er høg. Nynorske barnebøker vinn ofte prisar innanlands og utanlands - både for tekst og for illustrasjonar.

Biblioteksjef Hanne Steinsvik. Foto: Privat

Dei tilsette på biblioteket har laga ei flott utstilling med nynorske barnebøker.

- Bokmål er det dominerande skriftspråket borna møter i kvardagen. Dei vert mesta bada i bokmål. Difor er det så umåteleg viktig at borna i nynorskområde møter det nynorske skriftspråket heime og i barnehagen før dei vert nynorskelevar i skulen, seier Per Johann Sandbakk i Ørsta mållag.