Framsyninga har vorte spelt nærare 80 gongar, mellom anna for fulle hus på Nationaltheatret i Oslo, ein sal som tek 700 menneske. Nyleg var dei på turne til Stocholm, og framsyninga skal vidare til Helsingfors og Washington etter å ha besøkt Ørsta.

– Det er ferskvare av kvalitet vi kjem med, og det er denne sjansen de har til å få sjå framsyninga. Ho har vore veldig populær så langt, og har hausta gode kritikkar og ståande applaus. Det vil vere synd å gå glipp av ei slik fantastisk framsyning, seier turneleiar Ole Lillo-Stenberg til Møre-Nytt.

Fortrolige samtaler er regissert av Liv Ulmann, og er ein teaterversjon av Ingmar Bergmanns «Enskilda samtal», eit stoff Liv Ullmann allereie har filmatisert med stor internasjonal suksess. Dramaet er basert på livshistoria til Ingmar Bergmann si mor, og med utgangspunkt i mora si hemmelege dagbok og Bergmann sine eigne dagbøker. Ei fortelling om ei kvinne sine hemmelegheiter, men mest av alt handlar det om kven hemmelegheitene gjer oss til.

– Ingen vil gå uberørt frå denne framsyninga. Vi er heile landets teater, og her får de servert det ypparste i heimbygda.