Det melder Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

– Eg er stolt og glad over at eg skal få vere festspeldiktar under Den nynorske festspela neste år. Det er ikkje så mange festivalar som har slike "verv", det gjer det jo endå meir stas. Dessutan er eg i flott selskap - det er mange eminente folk på lista før meg, seier Lillegraven sjølv. Ho fortel at ho har inntrykk av at det blir ein del ulike oppdrag, med mange høve til å møte publikum og lesarar, og kanskje også få framheve nokre andre forfattarar ho sjølv set høgt.

Lillegraven er lyrikar, kjent for vakre og gjenkjennelege bilete i eit enkelt, men verknadsfullt språk. Ho debuterte i 2005 med Store stygge dikt. Seinare har Lillegraven gitt ut romanen Mellom oss (2011), som er ei episk slektshistorie, og diktsamlingane Urd (2013) og Manilahallen (2014). I 2012 fekk Lillegraven pris frå Alfred Andersson-Ryssts fond. Året etter fekk ho Brageprisen for Urd. For same boka fekk ho òg Bokbloggarprisen i 2014. Lillegraven har også omsett dikt, skrive fleire barnebøker og samarbeidd med ulike musikarar og kunstnarar.

–Vi har følgt Lillegraven heilt sidan debuten, og ser fram til at ho skal få setje sitt preg på neste års festspel. Med Lillegraven som festspeldiktar får vi også eit godt høve til å løfte fram lyrikken som ein levande og aktuell sjanger, seier programansvarleg for Dei nynorske festspela, Åshild Widerøe.

Dei nynorske festspela blir arrangert i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda 23. – 26. juni.

Festspeldiktarar 1994–2016

1994    Kjartan Fløgstad

1995    Halldis Moren Vesaas

1996    Paal-Helge Haugen

1997    Ragnar Hovland

1998    Jon Fosse

1999    Åse-Marie Nesse

2000    Rune Belsvik

2001    Brit Bildøen

2002    Einar Økland

2003    Marie Takvam

2004    Frode Grytten

2005    Edvard Hoem

2006    Olaug Nilssen

2007    Erna Osland

2008    Lars Amund Vaage

2009    Tove Bakke

2010    Rønnaug Kleiva

2011    Bjørn Sortland

2012    Arne Moslåtten

2013    Guri Sørumgård Botheim, Sigrid Sørumgård Botheim og Lars Petter Sveen

2014    Agnes Ravatn

2015    Gunnhild Øyehaug

2016    Ruth Lillegraven