Eit fraktebåt stemner ut fjorden ein vinterdag. Basert på samanlikning med eit foto i boka om Ørsta Bruk ser dette ut til å vere «Ørstafjord», transportbåten til Bruket.

I ei tid med dårleg veg og ferjesamband var båttransport sentralt for Ørsta Bruk, som dreiv handel over eit stort område.

Då den nye verkstaden vart bygd i 1917 kjøpte Bruket M/B «Steindylpen», ein forholdsvis liten trebåt som på folkemunne vart kalla «Havets skrekk».

I 1930 vart den erstatta med «Ørstafjord», som hadde langt betre fasilitetar, mellom anna skikkeleg styrehus.

«Bruket førde opp hus over heile Sunnmøre og deler av Nordfjord så langt sør som Svelgen. Både våningshus, skular, hotell og eit apotek. Det var ei travel, men interessant tid», står det i skrivet «Ørsta bruk as- 1914-1974» Dermed var det travelt for «Ørstafjord» også, som henta mykje trelast i Trøndelag, og frakta det til Ørstavik eller byggjeplassane rundt om.

Så kom tyskarane i april 1940 og Møre Infanteriregiment mobiliserte. Då var «Ørstafjord» mellom dei som frakta soldatar og forsyningar til Åndalsnes.

Kamphandlingane varte ein månads tid, og under retretten var «Ørstafjord» igjen god å ha, kan vi lese i 60-årsskriftet til Ørsta Bruk: «Då trefningane i dette området tok slutt, kom 21 norske flygarar seg unna med båt frå Åndalsnes til Vartdal. Styret i Ørsta Bruk stilte då «Ørstafjord» til rådvelde for desse flygarane. Skipper Jonas Karlsbakk og mannskapet hans var straks viljuge til eit vågestykke, og dei gjekk ut i havet vest av Runde med flygarane som deretter kom seg vidare til England. Siste krigsvinteren då mangelen på fraktebåtar var størst, gjekk «Ørstafjord», til Bergen og henta brødmjøl til bygdene har, trass i den store minefaren.»