Det fortel Volda vgs i ei pressemelding.

Musikalen 2024 er ein ny versjon av musikalen med same namn som vart framført i 2011. Musikalen er basert på filmen «Across the Universe», der musikk frå The Beatles har hovudrolla.

Volda vidaregåande sin 2011-versjon av «Hello Goodbye» er skriven av noverande produsent og avdelingsleiar Jan Terje Eidset, og omarbeidd til 2024-versjonen av dagens regissør Marit Lid Skorstad.

I musikalen 2024 får vi eit møte mellom frie lokale innbyggarar og tilflyttarar frå andre stadar og andre land. Det er krigstid og fleire av dei unge menneska må bu seg på å reise for å kjempe i krigen.

«Hello Goodbye» er eit samarbeid mellom linjene Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon på Volda vidaregåande skule. Saman skaper linjene ei både musikalsk og visuell oppleving.

- Manus er skrive tilbake i tid, men tematikken er dagsaktuell i eit uroleg verdsbilete. Publikum får møte unge som både vil underhalde og gi opplevingar til ettertanke, seier regissør Marit Lid Skorstad i pressemeldinga.

Musikalen blir vist fem gonger. Premieren er altså tysdag 13. februar både onsdag 14. februar og torsdag 15. februar vert det to framsyningar.