Sopran Mariann Fjeld Olsen, baryton Jørgen Backer og pianist Åse Mathiesen inviterer til festleg konsert i Ørsta kulturhus onsdag kveld.

– Her får vi oppleve dei vakraste og kjente arier, som vert presentert med fengslande historier, i flotte kostyme som forandrast under operaen sin gang – med ein spennande og sjarmerande regi. Ta hatten på og bruk ein aftan med operakunstens stjerner, heiter det frå dei musikarane.

Mariann Fjeld Olsen er utdanna ved Operahögskolan i Stockholm, og har sidan gjort hovud- og tittelroller på operascener i Sverige og Norge. Ho har vunne fleire priser: Rikskonsertenes INTRO klassisk, 1. pris i den norske finalen av Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse og i Malmö Vocal Competition. I 2004 vart ho tildelt det prestisjetunge Jenny Lind-stipendet i Stockholm.

Jørgen Backer er ein ung baryton som har sin utdanning frå Norges Musikkhøgskole og Operahøgskolen kor han tok sin mastereksamen i 2012. Sidan har han jobba i den Norske Opera og Ballet kor han har spilt over 50 framsyningar.

Åse Mathiesen – pianist, tok sin utdanning i utøvande klaverspel ved Barratt-Due Musikkinstitutt.