Komande onsdag vert det konsert med tittelen "Jul med Elvis & Beatles" på Ørsta kulturhus.

Konserten er eit samarbeid mellom Ørsta frivilligsentral og kulturhuset og vert dekka av den kulturelle spaserstokken.

Det melder Ørsta kommune på si heimeside.

Konserten er gratis, og Røde kors omsorg tilbyr skyss til og frå konserten om det er nokon som treng det.

Det er Fritiof Kristiansen (song og gitar) og Johan Christer Novsjø (song) som tek føre seg det fantastiske repertoiret til to av verdshistorias mest berømte artistar.