Arkeologar har funne ei 4000 år gammal grav som kan gje svar på korleis jordbruket kom til Vestlandet, skriv NRK.

– Dette er det mest unike funnet i Noreg på meir enn 100 år, seier Morten Ramstad ved fornminneseksjonen ved Universitet i Bergen til allmennkringkastaren.

Grava som er funnen like sør for Vestkapp i Selje i Nordfjord er fire meter lang og over to meter brei, og har vore forsegla i sanden i fleire tusen år. Det gjer ho like gammal som pyramidane, meiner Ramstad.

Beinmateriale av menneske som er funne på staden er så godt bevart at forskarane kan få svar på kor gamle dei var, kvar dei kom frå og korleis dei hamna akkurat på Vestlandet.

Jordbruket kom til Noreg rundt 3950 f.kr, då Skandinavias første jordbrukskultur blei etablert i området rundt Oslofjorden. Men når den same kulturen kom til Vestlandet har vore ei gåte.

– Dette gjer det mogleg for oss å få heilt ny innsikt i den tidlege jordbruksfasen, seier arkeolog og prosjektleiar Trond Eilev Linge til NRK.

(©NPK)