- Coverbandet Cinnamon City, som består av tidlegare Volda-studentar, avslutta Veka 2017 framfor eit fullstappa og utselt Rokken, oppsummerer Veka-sjef Tormod Malvin Sæther.

I løpet av Veka var tre av arrangementa utselde, konsertane med Veronica Maggio, Arif+Unge Ferrari og Cinnamon City. Alle desse samla 550 gjester på Rokken.

Til saman var 3.500 personar innom dei forskjellige arrangmenta under Veka.

- Det er meir enn vi tørte å drøyme om, seier Sæther.

- Tusen takk til alle som har teke turen. Det ligg mange tusen dugnadstimar bak festivalen, men med så god oppslutning er det verdt alt slitet. Vi er allereie så smått i gang med planlegginga med å lage Veka 2018 endå betre enn Veka 2017.