Det var smekkfullt på Christian Gaard fredag då ein av dei mest etterspurde artistane i landet, Adam Douglas, stod på scena under Trandalblues.

Saman med blues/soulbandet High Red, denne gongen med utvida blåsarrekkje, leverte 37-åringen ein konsert som fekk det til å koke mellom publikum. Folk dansa, også på tribunen, av amerikanaren sine vokale prestasjonar. Og etterpå var det ein svært nøgd og glad Adam Douglas vi møtte.

Storform: Adam Douglas på «heimebane» på Trandal

Heimebane

– Vi er alle i bandet samde om at dette var kjempekjekt. Stemninga var fantastisk. Her føler eg meg på heimebane. Vi spelar mange stader, men ingen ting er som på Trandal. Her er stemninga alltid god, og dei folka som står bak Trandalblues er nydelege menneske som skaper ein bluesfestival frå hjartet. Det merkar vi når vi kjem hit, fortel den sympatiske amerikanaren.

Adam Douglas har lært seg godt norsk. Ikkje berre norsk, Douglas snakkar faktisk noko som kan likne Ørsta-dialekt. Og det er kanskje ikkje så rart. Det var hit til Sunnmøre Douglas kom då han starta musikkarriere i Noreg. Då må vi tilbake til 2007, og til bluesbandet Woodleg Odd som den gongen hadde musikarane Arne Moe (bass), kjent frå m.a. Sunnmøre Baarelag og Frank Utgård, i dag gitarist i Vassendgutane i rekkene. Då det oppstod ein akutt situasjon der bandet måtte finne ein erstattar for vokalist Knut Eilefsen, vart Adam Douglas henta over frå Oklahoma i USA for å synge på to konsertar på bluesfestivalane Bremanger-rock og Kanalstreet i Arendal. Adam Douglas imponerte så mykje, også på gitar, at Woodleg Odd ville ha han som fast medlem. Og så skjedde det: Douglas vart overtala til å vere i Noreg.

Den første tida budde han i Hundeidvik, deretter i Ørsta, før han flytta til Ålesund. Det høyrer også med til historia at han på den første konserten i Bremanger møtte ho som han i dag er gift med.

Eventyr

Adam Douglas sin karriere er som eit eventyr. I fjor vann han Stjernekamp på NRK. Sidan har han vore ein av dei mest ettertrakta artistane i landet, mannen som no snakkar blandingsdialekt av sunnmøring, bremanger-dialekt og austlending.

Sjølv om «alle» arrangørar vil ha tak i Adam Douglas, held 37-åringen føtene godt på jorda.

– Eg er akkurat same fyr som før. Skilnaden er at vi sel fleire billettar. Det er ein draum å få reise rundt og synge og spele, ja, det er rein luksus. Eg vaknar kvar dag i takksemd over at eg får drive med dette, fortel Adam.

Trandal-jobben med High Red var den einaste i år med dette bandet. For no satsar Adam Douglas fullt på ei solokarriere. Og det er internasjonal interesse for mannen med den store røysta.

– Eg hadde planlagt å ha konsertar i Tyskland og Japan dette året, men det må eg utsetje til neste år. Siste tida har eg jobba mykje med ei plate som kjem i september. Då vert det plateslepp på Rockefeller. Det vert gøy.

– Kva er best, Trandal eller Rockefeller?

– Det er vanskeleg å velje, så eg seier ja takk, begge deler! Seier Adam Douglas.

Han deltok på Trandalblues for sjuande gong fredag. Det var garantert ikkje den siste.