Volda og Ørsta Kunstlag opnar Sommarutstillinga 2022 med kunstnarane Anne Marit Varpen og Liv Strand Hareide på Kunsthuset i Ørsta laurdag 9. juli.

Etter mange separat- og kollektivutstillingar i regionen vår er både Varpen og Strand Hareide godt kjende for publikum på Sunnmøre.

Liv Strand Hareide er busett i Ålesund. Ho har utdanning frå Molde Husflidskole og har studert 2 år ved Ålesund Kunstfagskole. I tillegg har ho teke sommarkurs i fresco. Ho arbeider både med maleri og grafikk.

Døme på kunsten til Liv Strand Hareide. Foto: Ørsta kunstlag

I maleria har ho i utgangspunktet ein abstrakt stil med konturar og malte flater, men ho kombinerer også det abstrakte med ein meir malerisk stil. I tillegg maler ho portrett og naturalistiske bilder.

Som kunstnar har Strand Hareide som mål å prøve ut nye idear, og helst ikkje stivne i eit fast mønster.

Ho er medlem av NFUK (Norsk forening for uavhengige kunstnerar), og har vore med på ein del landsutstillingar. Ho er også med på ei årleg utstilling i Italia.

Anne Marit Varpen bur i Volda. Ho er i utgangspunktet autodidakt, men har gjennom åra vore på mange studiereiser, m.a. til London og, Paris, Praha og Toscana. Varpen hadde si første separatutstilling i 1989, og fekk same året debutstøtte frå Norsk Kulturråd. Sidan debuten har ho delteke på separate-, kollektive og juryerte utstillingar i heile landet, m.a. på Kunsthuset i Ørsta i 2013 og 2016.

Anne Marit Varpen stiller ut bilete under sommarutstillinga. Foto: Ørsta kunstlag

Ho arbeider med akryl/mixed media. Naturen og mennesket står sentralt i kunsten hennar som har ei abstrakt uttrykksform. Anne Marit Varpen er medlem i NFUK og Nordisk

Akvarellselskap. Med tittelen «I eit landskap, i ei gåte» inviterer dei to kunstnarane oss til å gå inn ei eit landskap der vi med utgangspunkt i eigne livserfaringar og eigen fantasi kan fordjupe oss og finne våre eigne tolkingar og opplevingar.

Volda og Ørsta Kunstlag ynskjer hjarteleg velkommen til opninga av ei spennande og variert sommarutstilling der både Varpen og Strand Hareide blir til stades. Det kulturelle innslaget vil Mathea Lødemel stå for denne gongen. Vi gler oss til å høyre henne.

Utstillinga heng oppe til 13. august. Pressemelding frå Styret