Syng i Ørsta kyrkje i morgon, torsdag

Etter ein lang koronapause er desse klare for konsertar

Ervingen er full av songlyst og held konsert i Ørsta kyrkje i morgon, torsdag 18. november.  Foto: Privat

Kultur

– Endeleg kan vi lyse opp novembermørkret med to konsertar!

Korsongarane i Ervingen er svoltne på å halde konsertar - og no håper dei at mange kjem for å høyre på dei.

Første konsert vert i Ørsta kyrkje torsdag 18. november, deretter vert det konsert i Hjørunfjord kyrkje torsdag 25. november, fortel korleiinga.

Øvingsperioden vart ein del lengre enn planlagt.

– Så no har vi hatt musikken klar lenge. Vi presenterer eit breit repertoar, noko klassisk; Laudate og Cantate Domino. Også Beatles i nye arrangement av kordirigent Øyvind Lied.

Øyvind Lied er dirigent for Ervingen.  Foto: Privat

Publikum vil også få høyre eit par nyare stykke og blant dei fantastiske «Sure On This Shining Night» av Morten Lauridsen, fortel korgjengen.

Det vert også fleire framføringar av lokale diktarar, tonesett og arrangert av Øyvind Lied.

På konsertane syng Ervingen også songar laga av lokale diktarar.  Foto: Privat

– Vi gler oss og håper mange vil høyre på oss no etter lang tid utan så mykje kulturell aktivitet, inviterer Ervingen.