Kortfilmfestival i Volda

Kommunikasjonssjef ved Høgskulen i Volda Line Lauvsnes Oddekalv (f.v.), masterstudent Julie Wiken Krogstadmo, kulturleiar i Volda kommune Kristina Kostopoulos og kinomedarbeidar Mats Dahle Svoren gler seg til kortfilmfestival i Volda.   Foto: Høgskulen i Volda

Kultur

På grunn av korona-restriksjonar har Kortfilmfestivalen i Grimstad, i likskap med ei rekkje andre festivalar, vore nøydde til å tenkje kreativt. Resultatet er at Volda filmteater blir ein av tolv utvalde kinoar som får vise konkurranseprogrammet for norsk kortfilm, dokumentar og musikkvideo 9.–13. juni.

– Vi kjem til å vise to bolkar film kvar dag, frå torsdag til søndag. Her vert det fantastisk mykje god film til låge prisar! Vi håper det bidreg til at mange får med seg desse perlene, seier kulturleiar i Volda kommune, Kristina Kostopoulos, i ei pressemelding.

– Vi kjem til å vise to bolkar film kvar dag, frå onsdag til søndag. Her vert det fantastisk mykje god film til låge prisar! Vi håper det bidreg til at mange får med seg desse perlene.