Indiefjord utsett eitt år

Indiefjord-festivalen opplyser på festivalen sine Facebook-sider at det heller ikkje i år vert festival.

Konsert i Notanaustet under Indiefjord er fast tradisjon.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Kultur

- Så her er vi. Vi håpa og trudde vi kunne gå igjennom ein slags festival i sommar. I staden må vi vente eitt år til. Indiefjord vert dessverre utsett til 9. og 10. juli 2022, heiter det frå festivalleiinga.

Årsaka er at reiseavgrensingane framleis er usikre, og Indiefjord ynskjer ikkje ein rein norsk festival.

- Vi har alltid sett tryggleiken til banda, publikum, teamet og sjølvsagt innbyggjarane på Bjørke fyrst, heiter det.

Det er klarlagt at dei fleste av banda og artistane som skulle vere med i år, også vert med i 2022.