Vil erobre brettspelverda med eventyr og fordrukne vikingar

– Vi er nerdar som lager spel for nerdar, men marknaden er stor og det er høgt realistisk at vi kan skape arbeidsplassar lokalt.

Heroes of the Sealening: Tor Erik Aasen og Gard Helset, saman med Are Berge og John Helge Grevstad, står bak selskapet Tombs Foundry. Dei siktar høgt med brettspelet Heroes of the Sealening. 

Kultur

I 2016 vart mange idear hivd opp i ei kokande heksegryte i Volda. Med låg kokepunkt har grya kokt dei siste fire åra. Innhaldet har blitt justert. Element har blitt tatt ut og andre tilsett. Grunnbasen står framleis og godgjer seg, men bryggarane i Tombs Foundry AS skal tilsette litt krydder før produktet Heroes of the Sealening er klart for marknaden. Basen i heksegryta inneheld dekadente, elendige og fordrukne vikingar som skal redde verda frå Fimbulvinteren og hindre Ragnarok. Smelta saman med humor, eventyr og strategiske val har Tor Erik Aasen, Gard Helset, Are Stenersrød Berge og John Helge Grevstad skapt brettspelet som dei har drøymt om.