Stemningsrapport frå Øyralangs

Øyralangs i Volda har samla tusenvis dei siste par åra. Koronaen sette kjepper i hjula, men arrangørane visste råd.

Øyralangs i Volda. Foto/klipp: Roger Oldeide.

Kultur

Øyralangs er ei kulturell lysvandring på stien langs Øyraelva mellom Årneset og Volda sentrum. I år er tiltaket konsentrert rundt Prestholmen.

Øyralangs i Volda. Lys i mørketida, til glede for små og store.  Foto: Roger Oldeide

Tidlegare år har folk samla seg i hopetal, men med avstandsreglar og smittevern var dette vanskeleg i år.


Folkehav gjekk Øyralangs

Tusenvis deltok i Øyralangs i Volda laurdag ettermiddag


– Lysdekorasjonane er senteret for denne markeringa, og dei er resultatet av ein kjempebra jobb gjorde av elevar og lærarar frå skular og barnehagar i Volda, men også av fleire og motiverte frivillige som har bidrege med kreativ innsats, skriv Øyralangs på sine facebook-sider.

Øyralangs varer heilt fram til 01. november, slik at flest mogleg kan ta del.

Eller du kan nyte videoen Roger Oldeide har laga frå vandringa.