Lydmagikaren frå Bondalen

Morten Harket og A-ha den eine dagen. Eit spelemannslag frå Hornindal den andre. Alle jobbar er like viktige for lydmagikar Henning Svoren.

studio: I Ocean Sound Recordings på Giske er levebrødet til bondalingen Henning Svoren å skape best mogleg lydopplevingar for artistane. – Eg har draumejobben.   Foto: Roy-Arne Folkestad

Kultur

I femten år har bondalingen levd av det han elskar: å få musikk til å høyrest så bra ut som råd. I Ocean Sound Recordings, som kosar seg i sjøkantidyll på Giske, er det ikkje berre norske artistar som finn vegen for å jobbe med den 34 år gamle lydmiksaren og produsenten, oppvaksen på gard på Aklestad, der han tidleg lærte at alt arbeid må gjerast skikkeleg. Også fleire og fleire frå utlandet ønskjer Svoren sine tenester. Det er ikkje så rart. Som studiosjef Terje Erstad fortel då vi spør kva som er greia med Henning Svoren og lyd: