Tusenvis har sett koronavideo frå Volda-studentane

«Sammen under pandemien»

Kultur

I løpet av dei to første dagane har nesten 5.000 sett koronavideoen «Sammen under pandemien» på YouTube. Det er Student-TV i Volda som står bak videoen.

– Det har absolutt gått over all forventning, seier Mathias Engstrøm Sandstøl til hivolda.no. Sandstøl er prosjektleiar i produksjonen A3 som lager innhald til Student-TV i Volda.

Videoen kan sjåast øvst i saka. Sandstøl fekk ideen til songen og så har det vore ein tidkrevjande prosess med å lage video.

– Vi som jobbar saman i A3 var veldig i startfasen med idear, og usikre på kva slags innhald vi ville lage – men så tenkte eg: «Kva er det som sel for tida?» «Jo, korona». Då måtte vi jo lage noko på det. I tillegg fokuserer vi veldig på dei som “vart gløymt” då pandemien kom. Den mentale påkjenninga har vore stor hos mange, talet på einsame har auka og vi ville gi folk eit lite avbrekk i ei elles tøff tid.