Kulturskulen vil rekruttere til dei klassiske instrumenta

– Vi skulle gjerne fylt opp alle plassane

Vårsemesteret vart amputert for kulturskulen. No skal lærarane på ein liten sjarmoffensiv til skulane for å vise fram kva skulen kan tilby.

Rekruttering: Rebecca Smilovski, Ann-Helen Sørhaug og Brynhild Hovden, saman med Øyvind Robak, skal ut i skulane for å rekruttere elevar til dei klassiske instrumenta ved kulturskulen i Ørsta. 

Kultur

– Undervisninga vart amputert i vår for elevane og større framsyningar vart avlyste. Vi fekk heller ikkje gjort våre vanleg tiltak knytt til rekruttering. Vi har nokre ledig plassar ved kulturskulen. Difor har vi bestemt oss for å gjere nokre tiltak no, seier rektor Hans Robert Bondhus.