Side Brok klar med ny musikk

– Om vi held på i eitt år eller ti år til, det veit vi ikkje

Det e’ et styr, rappar Side Brok. Men svært skal det vere.

Brillefine: Sjef R Runar Gudnason og Sirkel Sag Bård Aasen Lødemel med ei aldri så lita månelanding i den nye songen «Svært» frå Side Brok. Songen kjem ut 5. juni saman med gamle gode «Kvar dag» som er pussa opp og henta fram frå 2015, og omslaget ser slik ut. 

Det er like kjekt etter 20 år. Og om vi held på i eitt år eller ti år til, det veit vi ikkje. Det kjem an på om det er svært framover også. Det trur eg det vil vere

Runar Gudnason
Kultur

Dei har vore stille lenge nok no frå Side Brok, Hovdebygda si sværaste hip-hop-gruppe gjennom tidene. I alle fall i følgje dei sjølve, men det er nok ikkje mange som er usamde i akkurat det. I år er det 20 år sidan starten, og i det høvet byd dei på ei aldri så lita månelanding. Det er svære greier, bokstavleg talt. Ikkje berre har dei børsta støvet av og pussa opp låta «Kvar dag», men etter fire år kjem dei med ei ny låt. Den nye songen heiter «Svært», med Sirkel Sag som sjølvskriven gjest. «Je suis mej sjøl», rappar han. Det er slik det skal vere, og det er vel nettopp difor Side Brok er så likandes.