Ballettskulen opnar att

Ballettskulen opnar opp att for all undervisning.  Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn Ballettskulen

Kultur

I samråd med kommuneoverlegen i Ørsta, har Ballettskulen fått grønt lys til å starte all undervisning igjen, under strenge smitteverntiltak.

– Det er viktig for oss å ikkje bidra til smittespreiing for elevar og tilsette, samstundes som samfunnet gradvis og forsiktig vert opna opp att, under særs kontrollerte former., opplyser ballettskulen i ei pressemelding.

Den digitale undervisning vert no avslutta.



– Vi er særs takksame for innsatsen pedagogane våre har gjort. Vi har greidd å gje eit godt dansetilbod digitalt, men no gler vi oss til å møtast igjen, seier styreleiar Synnøve Rekkedal Hill.

Skulen vil følgje den ordinære timeplanen, men timane må avsluttast ti minutt tidlegare enn normalt grunna reingjering.

Ballettskulen har måtte avlyse vårshowet, men til hausten vert det ny framsyning. Når og korleis er det for tidleg å seie.

– Vi har god søknad til Ballettskulen til hausten, men på grunn av koronaen vil vi handsame søknader som kjem inn også no etter fristen. Det er ikkje for seint, klassene vert fylt opp så mykje vi greier. No treng vi dansen meir enn nokon gong, seier Hill.