Gode besøkstal for Nynorsk kultursentrum

Opninga av Dei nynorske festspela 2019.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Kultur

Fjoråret var eit godt år for Nynorsk kultursentrum med eit resultat på 32.062 besøkande.

Besøkstalet for fjoråret er det tredje høgste sidan 2000, og det høgste besøkstalet Nynorsk kultursentrum har hatt i eit år utan Ulvik poesifestival, som blir arrangert kvart andre år, skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje.

Litteraturdagane i Vinje hadde i 2019 ein auke i talet på besøkande på meir enn førti prosent, samanlikna med året før. Vidare skriv dei at Dei nynorske festspela var godt besøkt i fjor, der konserten med Mari Boine samla flest med 532 gjester.

– Det er gledeleg at så mange har fått med seg ein eller fleire av festivalane eller andre av dei totalt 422 arrangementa vi har halde i 2019. Vi arbeider stadig for å kunne ha eit aktuelt og attraktivt publikumstilbod for folk i heile landet, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør ved Nynorsk kultursentrum.