Ørsting som djevelen

Bildetekst: Ole Mathis Lystad Grimstad i rolla som Djevelen, eller Grutte Gråskjegge. 

Kultur

Ole Mathis Lystad i stor rolle i opera.

Middelaldervisa Draumkvedet har vorte skriven som opera av komponist Ragnar Søderlind og oppført i Uranienborg kyrkje i Oslo.

– Det var overveldande. Det gjekk eit sukk av begeistring gjennom kirkeromet då det var slutt, denne kvelden, skriv Vårt Land sin meldar etter urpremieren sist helg.

I ei av hovudrollene finn vi ørstingen Ole Mathis Lystad Grimstad.

Rolla hans er Grutte Gråskjegge, Djevelen/Odin.

Ole Mathis bur og arbeider i Oslo og syng i Uranienborg Vokalensemble, som har vore arrangør for operaen.