Rebekkaloge 46 Symra med førjulsgåve

- Kjærkomne midlar som kom heilt uventa!

Det var stor glede i Odd Fellow-bygget måndag ettermiddag, då Rebekkaloge 46 Symra inviterte tre heldige organisasjonar til kaffi, kake og pengedryss.

Stor glede over pengegåve: F.v. kulturskulerektor i Volda, Trude Rabben, konstituert kulturskulerektor i Ørsta, Hans Robert Bondhus, Liv-Randi Volle og Sylvi Romestrand frå Vartdalsstranda generasjonskorps, leiar i Rebekkaloge 46 Symra, Maryon Evensen, Olav Skjerpe Brattli frå Volda skulekorps og nestleiar i logen, Anne Grethe Sætre.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Kultur

Vartdalsstranda generasjonskorps, Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester og Volda skulekorps får alle 10.000 kroner kvar.