Korveteranane Einar og Liv

– Å synge i kor generelt – og i Ørstakoret spesielt – er ein livsstil

LAng fartstid: Einar Øyehaug og Liv Klepp Myklebust er begge korveteranar med mange tiår med erfaring frå Ørstakoret. 

Eg har faktisk hatt dårleg samvit kvar einaste gong eg har vore borte frå øvingane

Einar Øyehaug
Kultur

Seier Liv Klepp Myklebust, ein av veteranane i Ørstakoret. Av og til har ho tenkt tanken om å slutte. Det må kanskje vere ei grense for alt, men til no har ho ikkje fått det til. Songen og miljøet i koret har hatt så mykje å seie at noko, nesten livsviktig, ville gå tapt, om ho kutta ut og vart heime øvingskveldane, for ikkje å snakke om dei gongane koret skal syngje ein eller annan staden.