No kan du bli sceneambassadør

Silje Grevsnes er gründeren bak Kulturbygda i Volda. No inviterer ho unge mellom 16 – 30 til å bli Sceneambassadør i samarbeid med Teatret Vårt.  Foto: Privat

Kultur

Når Romeo & Julie kjem til Volda er det Kulturbygda i Volda som er arrangør for Teatret Vårt.

Silje Elise Grevsnes er gründeren bak Kulturbygda og er arrangør når Teatret Vårt kjem på besøk til Propellhallen i Volda.

- Nytt denne gongen er samarbeid med Teatret Vårt om å høvet for unge mellom 16 – 30 år til å være Sceneambassadør.  På utvalde framsyningar samarbeider Teatret Vårt og Kulturbygda med sceneambassadørar om å lage vorspiel. Som sceneambassadør får ein fribillettar til framsyning mot at ein bidreg med det ein sjølv  ynskjer – enten det er praktisk arbeid, marknadsføring, tekstarbeid, sosiale media eller anna. Som sceneambassadør får ein eit innblikk i arbeidet bak sjølve framsyninga og arbeidet som skjer i teatret. Og ikkje minst er det sosialt, heiter det i ei pressemelding frå Teatret Vårt.

Torsdag denne veka blir det invitert til ei uformell samling for dei som er interesserte.