Finalistane er klare

Kultur

Torsdag er det finale i Talentprisen 2019 for Bygdesus. No er det klart at Didzi, Ufokusert, Svart Kaffe og Lindsjørn skal på scena på Rokken og konkurrere om sceneplass under VEKA i Volda og Malakoff Gatefest i 2020.

Dommarpanelet for Talentprisen består av Mariann Thomassen Holstad kjent frå Surferosa, dagleg leiar ved Studenthuset Rokken Åge Staurset, bookingansvarlig Mathias Vasbotn Remmereit, og festivalsjef for Malakoff Arnt-Ivar Nausdal.

I pressemeldinga frå Bygdesus vert også dei fire finalistane presenterte.

Ufokusert består av fem musikkglade 18-åringar som til dagleg går ved musikklina på Volda vidaregåande skule. Musikken er sterkt inspirert av indiepop.

Didzi er Didier Numbi Mupenda. Han er 19 år og frå Stordal. I januar i år gav han ut sin første singel "Dum stil" på Spotify.

Svart Kaffe er eit punkrockband beståande av tre musikkstudentar ved Høgskulen i Volda. Bandet vart til i starten av 2019 og har sidan det hatt fleire konsertar i området.

Lindsjørn er Ingvild Lindsjørn. 22-åringen frå Hønefoss er eit relativt ferskt namn på den norske scena, men fleire har nok  fått auga opp for ho etter at ho vart anbefalt av P3 Urørt-redaksjonen i fjor.