Nostalgisk om råning

I dag lanserer Vassendgutane sin nye song «Sånn so det va før», som handlar om nostalgi og råning.

Vassendgutane lanserer i dag ein ny song om råning i gamle dagar.  Foto: Vassendgutane

Kultur

– Songen handlar om råning, og om ein som ikkje vil sleppe taket. Som teksten seier: før var det smårips som ville sitte på. No er det mødrene som vil vere med på sjau. Songen er eit tilbakeblikk på ei svunna, fin tid, då Ørsta hadde Esso-miljøet. Frå ein var 16 til ein vart ca 25, var den beste tida. Det var ikkje ei bekymring, og alt var lov. Det er ein song om mimring, seier Arthur Johan Bjørdal, som har skrive teksten saman med Bjørn Dalene.

Trufast publikum

Vassendgutane har spelt i 23 år, og dreg framleis fulle hus. Sommaren er det høgsesong for festivalar, og då går det stort sett i eitt. I sommar speler dei ti helger i strekk. Mellom anna på båtfestivalen i Ålesund i dag, på Breim countryfestival fredag og på Selbu sommarfestival laurdag. Publikum er ei blanding av gamle og trufaste fans, så vel som ungdom.

– Vi er heldige som har eit trufast publikum. Og vi ser at borna til dei som var på konsert før, er dei som kjem no. Kvart år er det nye folk som vert 18 år som kjem på konsertane. Det er kjekt å sjå at vi har rekruttering blant dei unge.

Når dei no slepp ny song, er det for å halde trøkket oppe og gje publikum nye songar å synge med på.

– På konsertane kan og må vi spele det gamle, men vi må ha litt nytt og spanande også, sjølv om dei vil ha Granada og Ungkar med dobbeltseng. Det er trygt å spele det gamle som ein veit fungerer, men vi må også tore å lage noko nytt og spanande. Samstundes skal det vere Vassendgutane, seier Bjørdal.

– Kva forventningar har du til Sånn so det va før?

– Å lage ein enkelt song som skal fengje, er ikkje lett. Ofte berre ei tilfeldigheit at det vert slik. Managementet har stor tru på denne låten. Eg trur temaet kan vere bra. Så får vi sjå når folk byrjar høyre på han. Det er vanskeleg å seie, men eg håper han kan verte ein hit.

Tett program

I løpet av året, spelar Vassendgutane 70–80 konsertar. Det er 12 mann på vegen i den gule turnébussen. Tre veker på, og ei helg fri. Men i sommarmånadane går det i eitt.

– No er det full guffe. I sommar har vi ikkje tid til så mykje anna. Ein er heile tida på farta, så ferien tek vi i august, seier Bjørdal, som er både låtskrivar, gitarist og vokalist i bandet. Han medgir at det til tider kan vere ganske krevjande å reise så mykje som dei har gjort dei siste tjue åra.

– Ein ofrar veldig mykje når ein driv med dette, og ein føler ein er for lite til stades for borna. I vekene er dei på skule, og i helgane når ein skal ha tid med familien, må ein ut og spele. Ein tenkjer at ein skal ta det att, men borna vert berre større og større, og så er den tida forbi. Før tenkte eg kanskje ikkje så mykje på det, men det gjer eg no, seier Bjørdal.

Strøymetenester

Men «the show must og on», og Vassendgutane er altså god butikk. Bandet var av dei siste som gjorde det stort med CD-sal, men har takla overgangen til strøymetenester godt. Mykje fordi inntektene kjem frå livekonsertar.

– Ved streaming, gir ein musikken vekk i større grad enn med CD. Summen på nedlastingar dekkjer ikkje opp, så ein må ut og spele. Men ein må også kome med noko nytt for å halde seg oppe. Vi er alltid i konkurranse med andre band, og kanskje ekstra no når alle kan gje ut musikk og få distribuert han på ein heilt annan måte enn før i tida, då vi køyrde rundt på bensinstasjonane med CD-plater. No finst det heilt andre moglegheiter.

Kjekkast av alt, er når dei får spele i Ørsta eller Volda. Då er Vassendgutane i sitt ess.

– Om vi spelar i nord eller sør, det er stort sett likt over alt. Men det er alltid kjekt å spele på heimebane, som i Kiwihallen. Det er stas for oss som kjem frå bygda at bygdefolket møter opp når det skjer ting. Og er folk frå Ørsta og Volda på ferie rundt om i Noregs land, og ser vi skal spele der dei er, så er dei velkomne! Er oppmodinga.

Med i Vassendgutane sin siste singel er Arthur Johan Bjørdal (vokal/akkustisk gitar), Sindre Aam (bass), Ernst Brune (trekkspel), Rune Brautaset (akkustisk gitar), Frank Willy Utgård (solo gitar), Øystein Fosshagen (fele, mandolin og banjo), Kim Erik Lillestøl (trommer), Alf Rune Melby og Lars Egil Vågseter på steelguitar. Svein Erik Åmås på Audiofarm i Åmdalen har gjort arbeidet med mastring og miksing av den nye songen.

PS! Om du har Spotify, kan du høyre den nye songen her: «Sånn so det va før»

Coveret til den nye songen til Vassendgutane