Karsten til topps i Ørsta – og i Stockholm

– Det er veldig kjekt å arrangere eit slikt treff når ein får samla store delar av lokalbefolkninga. Ekstra kjekt er det når ordførar Stein Aam gratulerer oss med dagen, fortel ein nøgd Trygve Hovdenakk.

Vinnarbilen: Friidrettsutøvar og verdsmeister Karsten Warholm frå Ulstein stilte ut bobla si med det passande registreringsskiltet «400 HEKK» under luftkjølt laurdag i Ørsta. Og bilen gjekk av med sigeren, på same måte som Karsten Warholm sjølv gjorde, på nettopp 400 m hekk for herrar under Diamond League-tevling på Stocholms Stadion, berre to dagar før. Foto: Bendik Mork Folkestad  Foto: Bendik Mork Folkestad

Kultur

Laurdag 1. juni gjekk årets Luftkjølt Laurdag av stabelen med 53 påmelde folkevogner og om lag 600–800 besøkande. Det er fjerde gongen biltreffet blir arrangert og interessa for treffet er stor.