Tilbake som konge

Frå tanntroll til Heilag-Olav

Eirik Risholm Velle kjem tilbake som Olav den heilage under «Kongens Ring».

Konge: Ørstingen Eirik Risholm Velle skap spele Olav den heilage under «Kongens Ring». Pressefoto 

Kultur

Men utanom han er rollelista heilt ny med mellom anna Jeppe Beck Laursen kjent frå BBC-serien «The Last Kingdom» og som Daidalos i NRK Super.

Eirik Risholm Velle er midt i Karius og Baktus på Oslo Nye Teater. Der er ørstingen Baktus og spelar på heilt andre strengar enn det gjer han som konge i vikingmusikalen «Kongens Ring». Risholm Velle spelte for første gong på utescene då han spelte Heilag-Olav i fjor. Og han melde seg raskt til å vere med i år igjen.


– Eg føler meg sjukt heime i parykken til Karius

Dei står på ei av dei største teaterscenene i Noreg som legendariske Karius og Baktus, og snakkar kav ørsting.


– Det var artig å få demonstrert for seg sjølv kva som krevst for utespel når det kjem til stemmebruk og fysikalitet, og det var kjempekjekt å få lov til å spele denne rolla igjen. Og så blir det spennande å sjå kva som skjer med ny regissør og nye medspelarar.

For ørstingen er den einaste av dei profesjonelle skodespelarane som kjem tilbake. Herøyspelet stiller med ny regissør for første gong sidan oppstarten i 1992. Jeff Pedersen har vore regissør for Kinnaspelet, Håkonarspelet og Dragseidspelet. No skal prege også Herøyspelet, og han tek med nye folk.

BBC, Barne-TV og Le Bureau

I tillegg til Eirik Risholm Velle skal mellom anna Jeppe Beck Laursen vere med i spelet. For dei yngste er Laursen kjent som Daidalos i Labyrint på NRK Super – eller som Goggen i Gråtass. For dei eldre er kanskje meir kjent frå BBC- og Netflix-serien «The Last Kingdom». Også det handlar om vikingar.

– Ja, eg er glad i vikingar og gler meg til det fysiske som følger med det å vere med på slike spel, fortel Jeppe Beck Laursen.

Han skal få utfalde seg som Fe den synske, trollmannen i spelet. Rolla som forteljar vert annleis og utvida og blir ei ny utfordring for Kornelia Melsæter frå Ålesund. Ragnar Herøyhovding skal spelast av Magne Håvard Brekke, norsk skodespelar som bur i Paris og mellom anna har vore med i Le Bureau. Kona hans i spelet, Inga, vert spelt av eit av dei store namna i norsk teater, Kjersti Elvik.

Ei heilt ny oppleving

Styreleiar Linn Therese Sævik er spent før årets spel.

– Det er klart at det er spennande med så mykje nytt. Vi får heilt ny regi frå Jeff som har gått ut frå det opphavlege manuset, og vi har så godt som berre nye folk i hovudrollene. Men vi håper og trur at det også betyr at publikum vil få ei heilt ny oppleving med «Kongens Ring».