Festspelprogrammet er klart

Eit mylder av forteljingar

Opningshøgtida under Dei nynorske festspela vert i år flytta ut, og programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik lovar programpostar som vil underhalde og utfordre.

Programlansering: Det komplette programmet til Dei nynorske festspela vart lansert onsdag føremiddag. Gaute Øvereng og Olav Øyehaug Opsvik gler seg og kan rapportere om godt sal av billettar.  Foto: Joachim Åsebø

Kultur

Olaug Nilsen, Maria Parr, Kjartan Fløgstad og festspeldiktar Carl Frode Tiller er nokre av forfattarane som kjem til Volda og Ørsta under Festspela. I tillegg vil BokkeReidars BluesBand med Side Brok som gjestar, Sigvart Dagsland og Mari Boine stå for den musikalske underhaldninga.

– No gler vi oss stort til å vise fram alt det andre vi har planlagt. Bokåret 2019 blir feira over heile landet, og vi ønskjer å nå breitt ut og skape ei stor feiring i Ørsta og Volda i juni, seier dagleg leiar Gaute Øvereng.

Det har vore ein tradisjon at opningshøgtida under Festspela har vore innandørs. I år blir det ein ny vri med å ha heile opninga i Uteamfiet. Olaug Nilsen skal halde opningstale og Runar Gudnason sin variant av «Nordmannen» vil avslutte opninga. Til det avsluttande stemnet på søndagen kjem Kjartan Fløgstad saman med musikarane Gabriel Fliflet, Berit Opheim og Jorunn Marie Kvernberg for å framføre konserten Sandharpesongar, og årets stemnetale blir ved Maria Parr.

Mari Boine skal i tillegg til konsert ha ein samtale om å vekse opp i den norske skulen som samisk språkbrukar. I fjor vart Ánná Káisá Partapouli kåra til Årets unge samiske kunstnar. Ho tek del i samtalen med Boine, i tillegg til å vere oppvarming for Boine same kvelden.

– Temaet i år er vinkla mot dei mange grunnforteljingane som pregar oss som individ og samfunn, anten det er utforming av historiebøkene, forteljingar om mødrer og fødsel, eller Bibelen, fortel programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik.

Forteljarstemmer

– Litteraturen står sentralt under Dei nynorske festspela. Vi vil utforske korleis ulike forteljarstemmer formar oss, fortel Opsvik. Festspeldiktar Carl Frode Tiller er definitivt ei av desse viktige stemmene, og forfattarskapen hans vil bli vist fram både gjennom samtale med Olaug Nilssen, ei omfattande temautstilling og ikkje minst lesing ved skodespelarar frå Det Norske Teatret. Til opninga av temautstillinga skal ein litteraturkritikar, Eivind Myklebust, ein forfattar, Ruth Lillegraven, og bibliotekar i Ivar Aasen-tunet, Siri Beate Gjerde, fortelje om korleis dei opplever bøkene hans. Tiller vil også sjølv delta i samtale om ei av forteljarstemmene som har vore viktig for han, nemleg 60-årsjubilanten Jon Fosse.

I fjor vart festspelfrukosten i Ørsta sentrum ein stor suksess, og det vonar arrangøren at det blir i år og.

– Den lange rekkja av fantastiske, lokale og regionale samarbeidspartnarar, og ikkje minst dei frivillige, er enormt viktige for oss. Festivalen hadde ikkje vore det same utan. Å få samarbeide med så mykje gode folk, gjer det også endå kjekkare å jobbe med Festspela, seier Øvereng.