Venche Vartdal Leite var med i The Voice:

– Det er vanskeleg å ta deg på noko

Venche Vartdal Leite fekk skryt av dommarane i The Voice, men er ikkje med vidare i songkonkurransen.

Med i The Voice: Måndag kveld var Venche Vartdal Leite med i The Voice på TV2. Foto: TV2  Foto: TV2

Kultur

Vartdal Leite song «Don’t stop believing» av Journey. Dommarane Morten Harket, Lene Marlin, Martin Danielle Bjercke og Yosef Wolde-Mariam lét seg imponere, men ikkje nok til at dei ville arbeide med den lokale songaren vidare i konkurransen.

– Eg vart sittande å høyre og det var veldig bra, og rett på sak. Det som gjer meg usikker på å gå vidare er at du skal levere, men samtidig skal sårbarheit kom gjennom og du skal sleppe til det. Eg tviler ikkje på at det finst, men du kan bli for flink. Det er ei av dei store utfordringane som artist, sa Harket.

– Det er vanskeleg å ta deg på noko. Du gjorde alt det du skulle og du gjorde det veldig bra. Det var ikkje pitchingfeil og nervane var minimale, i alle fall dei synlege, men det var litt fråverenheit mellom sjølve låten og formidlinga av den, sa Wolde-Mariam.

Vartdal Leite sa sjølv at ho skulle ta med seg tilbakemeldingane vidare. Fredag skal ein ny ørsting i aksjon i Tonje Aakre.


Venche og Tonje er med i The Voice

Det blir fleire lokale innslag i songkonkurransen The Voice.