Venche og Tonje er med i The Voice

Det blir fleire lokale innslag i songkonkurransen The Voice.

Tonje Aakre skal i aksjon fredag 15. februar.  Foto: TV2

Kultur

Måndag kveld er det Venche Vartdal Leite som prøver seg i songkonkurransen The Voice på TV2. Førre fredag gjekk Nora Aurdal frå Volda vidare i konkurransen.


Nora imponerte Lene Marlin

Nora Aurdal (20) frå Volda imponerte dommarane i The Voice fredag og tok seg vidare i songkonkurransen.


Fredag skal Ørsta-jenta Tonje Aakre (20) synge «How Deep Is Your Love» av Ina Wroldsen. Dette er ikkje første gongen den talentfulle ørstingen deltek i ein musikkonkurranse. I 2016 deltok Tonje Aakre i Idol der ho gjekk vidare i fleire runder.