Volda-studentane:

Snart klart for ekstrem vekerevy

Volda-studentane sin årlege vekerevy, skal denne gongen harselere med det ekstreme i samfunnet.

Frå øvinga: Dette er ein av scenane publikum vil få sjå under årets revy.   Foto: VEKEREVYEN

Kultur

(Sunnmørsposten): Dei tjuvstartar med ei lukka framsyning, men den offisielle premieren er 10. februar. Det er også mogeleg å sjå vekerevyen 11. og 12. februar.

Tittelen er X3MT (Ekstremt) «Meir, meir, meir. Barne-TV går ikkje fort nok lenger, Paradise Hotel var ikkje godt nok – no må vi ha Ex on the Beach. Vi tar opp alle desse temaa, stykkar dei opp og visar dei fram på Rokken studenthus for alle som har lyst til å sjå», skriv arrangøren i ei pressemelding.