Fylte Ørsta kyrkje med country og gospel

Det er fleire enn elevane på musikklina ved Volda vg som denne førjulstida kjem til sine eigne. Allereie tidleg på torsdag var country- og gospelkonserten med Sivert Bjørdal med musikarar og gjester tillyst i Ørsta kyrkje utseld.

Stemningsfullt: Sivert Bjørdal hadde med seg Lillian Askeland og Stine Nilsen som gjesteartistar torsdag kveld.  Foto: Arne Ola Grimstad

Kultur

Med andre ord, i den novembermilde kvelden var kyrkja stappfull av entusiastiske tilhøyrarar. Alle ville få med seg konsert nummer 10 i rekka, frå Sivert Bjørdal inviterte til den første konserten som då vart annonsert som ein slags minnekonsert over mora hans som omkom i ein tragisk brann ei tid før.

Med seg på laget den gongen hadde Sivert sokneprest Matias Austrheim som også fungerte som «orkesterleiar». Ideen om denne konserten fekk Austrheim i møte med både Sivert og dei andre i familien som naturleg nok var langt nede etter den tragiske ulykka med brannen.