Sigrid Tønnesen, Sindre Løvik og JC-band med konsert i Volda

Spelar til inntekt for Uppheim

Sigrid Tønnesen, Sindre Løvik og JC-band inviterer til konsert i Volda kyrkje der inntektene går til Uppheim.

Konsert: Sindre Løvik og JC-band er klar for konsert i Volda kyrkje saman med Sigrid Tønnesen. 

Kultur

Laurdag 16. november spelar Sigrid Tønnesen, Sindre Løvik og «JC-band» i Volda kyrkje. Under konserten vil publikum mellom anna høyre musikk frå Johnny Cash og Kris Kristofferson.

Sigrid Tønnesen si interesse for song og musikk starta allereie i barndomen. M.a. deltok frå 8 årsalderen og fram til 12 årsalderen på Skulekringkastinga sitt program Lyd og låt. Ho var også med i skulekoret i Volda. I ungdomstida byrja ho som korist i diverse lokale band og var m.a. med på Maurtua-festivalen og Ungdommens kulturmønstring. Tidleg på 1990-talet var ho vokalist i Ørstabandet Vestvind, og ho har tidlegare sunge i damekoret LYST.Pga skulegang og småbarnstid Sigrid tok pause frå musikken i mange år men har no teke opp att interessa si for musikk.

Sigrid Tønnesen inviterer til konsert saman med Sindre Løvik og JC-band. 

Sindre Løvik har i over 25 år drive som pub-musikar og visesongar, åleine, og i lag med andre. Han har for det meste hatt irsk musikk på repertoaret, men dei siste åra har han fått god kritikk for si tolking av Johnny Cash sine songar. Han har hatt konsertar og såkalla Johnny Cash-gudstenester fleire stader her på Sunnmøre, også i Volda.

Sigrid Tønnesen og Sindre Løvik har siste året dei har opptrått på ulike arrangement, og også hatt konsertar saman. I tillegg til songen skriv Sigrid dikt.

Med seg på denne konserten har dei JC-band som består av Ove Aksnes og Magne Aksnes. Desse karane trakterer gitar og bass og har lang musikalsk røynsle frå m.a. Dalsfjordgruppene «Countrycompagniet» og «Dalsfjord Bluegrassband».