Korkafe med flott song og hyggjeleg prat

Ørstakoret arrangerte 3. oktober ein vellukka korkafe i gymsalen på Møre folkehøgskule.

Ørstakoret: Førre onsdag arrangerte Ørstakoret korkafe på Møre folkehøgskule. Foto: Robert Skeide  Foto: Robert Skeide

Ulstein mannskor: Ulstein Mannskor og damekoret Lyst var gjestekor. Foto: Robert Skeide  Foto: Robert Skeide

Kultur

Me var litt spente, for det var ei stund sidan sist me gjorde akkurat dette, men salen vart full og me måtte inn med fleire stolar, det er alltid stas.

Det vart ei triveleg kveldsstund med Ulstein Mannskor og damekoret LYST som gjestekor. Dermed fekk publikum høyre både mannskorklang frå havgapet og dame- og blandakorklang frå oss her lenger inne i fjordane. Til saman vart det mykje flott song, mykje god mat og godt loddsal.


Praten i matpausa gjekk lett og ledig, rundt og mellom borda, og låtten sat laus.

Ulstein mannskor: Ulstein Mannskor og damekoret Lyst var gjestekor. Foto: Robert Skeide  Foto: Robert Skeide

Etterpå sat også godorda laust, både frå publikum og gjestekor, om at det hadde vore “ein herleg kveld med nydeleg song, morosam song og fantastisk klang i kora, gode kaker og ei triveleg atmosfære.” Kjekt!

Det er viktig for folk å sjå og høyre kva andre driv med og me synest det er kjekt å vere med på å lage til slike uformelle møtepunkt. Som sagt er det ei stund sidan sist me hadde korkafe, men no ser me fram til neste gong, sjølv om det er litt travelt.

Damekoret Lyst.  Foto: Robert Skeide