Ørsting tildelt Norske Kunstforeningers debutantpris

– Eg er veldig takknemleg, dette er ei god moglegheit til at kunsten min kan verte sett av fleire

Norske Kunstforeningers debutantpris 2018 er tildelt Arild Våge Berge.

Arild Våge Berge (f. 1983) frå Ørsta er tildelt Norske Kunstforeningers debutantpris 2018 på Høstutstillingen. Prisen er på 50 000 kroner.   Foto: Pressefoto

Kultur

Arild Våge Berge mottek Norske Kunstforeningers debutantpris 2018 for verka The Gravity of a Lake Focused Into One Point (2) og Unstable Monuments 1. Juryen peikar på at kunstnaren nyttar forholdet til eigen familie til å stille spørsmål ved historia, og korleis me forstår og nyttar naturen. Verket pirkar i vår eiga nasjonalkjensle, og bokstaveleg talt tvingar oss til å tenkje kultur og natur saman. Prisen vert overrekt under den offisielle opninga av Høstutstillingen laurdag 8. september på Kunstnernes Hus i Oslo.

Norske Kunstforeningers debutantpris på 50 000 kroner vert årleg delt ut til ein debutant på Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen. Formålet med prisen er å løfte fram og synleggjere yngre, uetablerte samtidskunstnarar i Noreg. Prisen set også søkjelys på det viktige samspelet mellom samtidskunstnarar og kunstforeiningar. Ofte fungerer nettopp dei 153 kunstforeiningane som eit springbrett for unge kunstnarar, og saman gjer dei ny kunst tilgjengeleg for publikum over heile Noreg.

– Eg synest det er kjekt å verte sett, på trass av at arbeidet mitt visuelt sett er ganske grått og flatt – men det ruvar tydelegvis likevel nok til at det vert lagt merke til. Eg er veldig takknemleg, dette er ei god moglegheit til at kunsten min kan verte sett av fleire, seier prisvinnar Arild Våge Berge.

Skulpturane tek utgangspunkt i kunstnaren si eiga familiehistorie. Farfaren leidde utbygginga av Tussa vasskraftverk i Hjørundfjorden på 1960-talet, og var dermed med på å endre det sunnmørske landskapet. Kunstnaren kombinerer materiale frå farfaren sitt private arkiv og objekt frå kraftstasjonen med eige materiale, og skaper slik eit kunstverk som rommar tema som fotografi, teknologi, landskap og familiehistorie. Arild Våge Berge fortel at kjernen i prosjektet er friksjonen mellom kunstnar- og ingeniøryrket. Sjølv om kunstnaren ser den negative påverknaden kraftutbygginga har hatt på naturen, så ser han verket sitt både som ei heidring av ingeniørarbeidet og ein kritikk på same tid.

Juryen meiner at sjølv om verket ikkje er det som roper høgst, klarer det elegant og poetisk klarar å samanfatte fleire tematiske tendensar i Høstutstillingen. Med ei nærast brutal handling held verket både fysisk og metaforisk, saman ei rekke motsetningsforhold: det harde og sarte, subjektive og objektive, og ikkje minst kultur og natur.

– Eg kjenner allereie at prisen har gjeve meg styrka sjølvtillit, det er med på å styrke ei retning som har eg lyst til å halde fram med. Det vert ei stadfesting på at det eg gjer også har interesse for andre. Eg får lyst til å arbeide vidare med skulpturar og familiehistorie, dette er tematikk som har potensial til å resonnere i eit større rom, det handlar om forgjengelegdom og dødelegheit, og familierelasjonar som kan vere både fine og vanskelege.

Arild Våge Berge (f. 1983) kjem frå Ørsta, men bur og arbeider i Oslo. Han har ein bachelorgrad i fotografi og ein mastergrad i kunst frå Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen. Den kunstnariske praksisen hans inkluderer fotografi, skulptur, tekst og video, og utforskar tematikk knytt til arkiv, teknologi, landskap og familiehistorie. Han har sidan avslutta utdanning i 2017 delteke på fleire utstillingar, og skal mellom anna ha separatutstilling på Møre og Romsdal Kunstsenter og delta på Vestlandsutstillinga i 2019. I tillegg har han arbeidd som mastergradskoordinator ved UiB, og arbeider no som vitskapleg assistent i prosjektet Topograhies of the Obsolete ved Fakultet for kunst, musikk og design i Bergen.

Juryen for prisen har i 2018 bestått av:

Øyvind R. Kvarme, styremedlem, Norske Kunstforeninger

Cathrine Terese Persson, daglig leder/intendant, Bodø Kunstforening

Ida Haugland, gallerileder, Ålesund Kunstforening/Khåk Kunsthall

Marte Aas, jurymedlem, Den Nasjonale Jury 2018, Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen