– Første opningskvelden klinkar vi til med pizzafest, elles er det som vanleg råd å spele biljard, airhockey, FIFA, brettspel, data – eller berre henge, møte kjende, prate eller høyre musikk. Tilsette og lærlingar gler seg til å møte nye ungdommar, og ikkje minst «gamle» kjenningar, heiter det i ei pressemelding frå Kaihuset

Opningsdagane vert også i haust tysdagar, torsdagar og om lag annakvar fredag.

– Utover hausten skal vi ha diverse spesialarrangement, Battle of the bands, Halloweenfeiring, neonparty, juleverkstad og mykje meir. Først ut er åttandeklassefesten siste fredagen i august – ein kveld der dei nye åttandeklassingane får vere på huset heilt for seg sjølve, og utforske lokala og aktivitetane våre.

Aldersgrensa er framleis frå 8. klasse til ut det året du fyller 18.