– Det vart ein ny politisk song. Denne gongen med eit stikk til Carl I. Hagen. Eg syns han fortener ein liten «honnør», seier Jon Olav, som tidlegare har gitt ut songen «Hei Erna».

– Du likar politiske tekstar?

– Ikkje berre, men det også. Kva eg kjem til å lage i framtida, veit eg rett og slett ikkje. Dette er den mest omsynslause og minst saklege kritikken eg kjem med. Eg legg ingenting imellom. Det er ikkje sakleg argumentasjon, men eg tenkjer eg kan tillate meg det som musikar, seier artisten.

Songen «Idiot» kan strøymast fleire plassar på nettet, mellom anna på Spotify.

– Har du planar om å gje ut eit album?

– Ja, vi arbeider absolutt med den saka. Når det kjem ut, er framleis ein løyndom, seier han.

Karrieren til Jon Olav kom seg veldig etter han vann Urørt-finalen i mars i år. Denne veka har han og bandet spelt to konsertar. Det skal dei også neste helg. Bookingane står i kø framover.

– Det går jamt og trutt, seier den samfunnsengasjerte barstadvikingen.