- Sunnmøre kammermusikkfestival vil gi unge musikarar i regionen ein stimulans til vidare utvikling. I samarbeid med festivalen deler Sparebank 1 Søre Sunnmøre kvart år ut eit talentstipend på kr 25 000 til ein ung musikar frå vår region, heiter det i ei pressemelding frå kammermusikkfestivalen.

Cellisten Kjartan Van Dijk Festøy frå Volda er ein av dei nominerte til årets talentstipend som vert delt ut på avslutningskonserten i Volda kyrkje 8. september.

I konkurransen kjem Kjartan Van Dijk Festøy truleg til å spele første sats av eit av dei siste store verka av den engelske komponisten Edward Elgar (1857 – 1934), nemleg cellokonsert i e-moll, Op.85.

– Dette er eit sentralt verk for cellistar. Det er eit fantastisk stykke musikk som er svært kjenslelada på alle moglege måtar. Det er ei fryd å spele og ei fryd å høyre på, seier Festøy.

Kjartan fortel at ha begynte å spele cello då han gjekk i andre klasse.

– Tanken var eigentleg at eg skulle spele bratsj, men kunne ikkje fine ein lærar, so eg enda på cello i staden, seier han.

Van Dijk Festøy synest at han gjennom musikken er med på å skape noko, ofte i fellesskap med andre. Når det gjeld kvifor han vel å vere med på talentkonkurransen, seier han at han gjer det for å skaffe seg verdfull erfaring.

– Konsertar med større eller mindre orkester synest eg er fantastisk kjekt. Når eg spelar solo vert eg alltid nervøs. I tillegg er eg ofte er for sjølvkritisk og hard med meg sjølv i ettertid, seier han.

Kjartan lyttar sjølvsagt mykje på klassisk musikk, men høyrer på mykje anna musikk også.

– Eg høyrer på alt frå heavy metal til balladar, smiler han.