Sjå bilde frå Trandalblues (fredag)

- Trandal er den beste staden å spele

Stinn brakke, nøgde musikarar, publikum i storslag, opphaldsvêr og god musikk.
Kultur

Trandalblues leverte varene for 11. gong i helga. Først fredag, med Silo på løda, Amund Maarud, som truleg leverte dei beste gitarriffa Hjørundfjorden nokon gong har sett, ifølgje sikre kjelder på Trandal, norsk-amerikanske Adam Douglas, nesten ørsting etter ei tid i bygda, og til slutt amerikanske Stacie Collins.

- For eit fantastisk publikum. Og for ein stad å spele. Dette er definitivt på topplista mi over stader eg har vore. Det er som ein draum, sa Adam Douglas til Møre-Nytt, etter å ha teke imot jubel frå "stinn brakke" på Trandal.