Kalaset laurdag vart opna av Volda-bandet Red Roosters Bluesband, og det tok ikkje mange minutta før dansegolvet var fullt.

Bitten Svendsen, leiar i Norsk Bluesunion hadde også teke turen frå Fredrikstad til Trandal i år, og var like imponert som alltid.

– Det som har fascinert meg sidan dag ein, er at ein i det heile tatt kan kome på å lage ein festival her, og få det til! Her møter ein varme og gjestfridom som ikkje kan målast med noko anna. Det er tredje eller fjerde gongen eg er her, og kvar gong eg kjem innover med båten føler eg at eg kjem heim.

Ho legg vekt på at det ikkje hadde vore det same utan alle dei frivillige som stiller opp og engasjerer seg for å skape ein god festival for alle.

– Det er desse festivalane ein verkeleg skal ta vare på.