Lars Olav Ose humrar for seg sjølv medan han nyt ein kopp varm kaffi ved Dalsvatnet i Bjørdalen. Eit ynda turmål for mange, og når grendelaget i Bjørdal slår på stortromma med familiedag, tradisjonen tru, veit både vêrgudane og den gemeine ørsting å møte opp, enten for å gå turen, eller berre for å nyte folkelivet, kaffien, kakene, pølsene, frukta, rømmegrauten, rebusløpet, kanoturen, hesteridinga og sola m.m.

Den årvisse tradisjonen vart starta av Åmdal Bygdekvinnelag og Ørsta Reiselivslag i si tid, før grendelaget tok over.

På det meste har det delteke rundt 800 på den populære familiedagen, og denne søndagen var ikkje noko unntak. Fleire frivillige stiller opp for å hjelpe til, blant dei Ørsta Røde Kors og Volda og Ørsta Skogeigarlag, i tillegg til lokale krefter som viste fram dyr og tilbydde hesteriding.