Bakketunet opna for sesongen søndag:

Heidrar kjærleik i alle former på Bakketunet

Tema for sommarutstillingane på Bakketunet er historier om kjærleik før og no.

Velkomen: Marita Bett Aakre ønskjer alle velkomne til gards i sommar. Kvar søndag i juli er Bakketunet ope for publikum. Inne i husa er det ulike kunstunstillingar og installasjonar med kjærleik som tema. Med seg har ho døtrene Lea Myrvåg og Martine Myrvåg.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Historiene til folket som har levd her vil forsvinne om ein ikkje tek dei med vidare

Kultur

– Temaet har funne inspirasjon i Bygdepride. Alt som skjer i samtida, prøver eg å trekke inn i tunet. Vi vert forma av den tida vi lever i. Eg har drege trådar bakover i tid, og samanliknar notida med kva som har skjedd tidlegare. Det har vore eit sosialantropologisk studie, seier Marita Bett Aakre, som eig og driv Bakketunet.

Særleg dreg ho fram historia om Bakke-Knut, ein skikkeleg pioner, som emigrerte frå garden til Amerika i 1883. Han vart gift heile tre gongar, og skilde seg ein gong, noko som ikkje var så vanleg å gjere på den tida. Siste gongen han gifta seg, var han heile nitti år.