– Kva gjer du eigentleg i Ørsta og kva seier folk på gata når dei vert kuppa inn til eit TV-show der dei må levere på direkten?

Dette spørsmål som Humornieu prøvar å finne svar på i serien Norge Rund. Tidlegare i år vitja dei Ørsta og denne veka vart epiosoden lansert på nett.

– Ørsta var fantastisk! Vi fekk oppleve alt frå å springe opp Skålavegen til solnedgang ved fjorden, sjekking på Fugl Føniks, Ivar Aasen-tunet, cruising i bilen til Sherif og høyre historier om kvifor Truls Ivar og Klaus er guta å sjå opp for når gjengen skal på nattklubb i Riga, seier produsent Martin Marki.

Humorkollektivet har reist rundt i sitt mobile busstudio. Målet har vore mindre stadar.

I tillegg til Ørsta har gjengen vore innom Grimstad, Hemsedal, Ulsteinvik og Råde.