Plata byr på lite overraskingar på det musikalske plan. Det går i to fjerdedels takt, med trommis Kim Erik Lillestøl halsande etter. Nokre ballader går rettnok i fire slag i takta. Trommisen på denne plata driv ikkje den takta. Men han fyl rettnok greit med. Det skal han ha.

Her er mange høyrbare innslag av den på steelgitar som kler Vassendgutane aller best, Lars Egil Vågsæter. For den som bryr seg om denne musikken er dei melodiske linjene hans akkurat der dei skal vere. Lars Egil er den beste og mest lyttande musikaren gutane nokon gong har hatt. Velkomen tilbake!

Frank Willy Utgård gjer nøyaktig det han er betalt for. Det «plukkes» og strengar vert vrengde. På denne plata er bidraga hans best tilpassa alle kveldane frå scena, likt dei som har vore - og heilt sikkert dei som kjem. Fort og likandes. Ernst på trekkspel er tydeleg i produksjonen. Dette gir farge.

Resten av musikken er prega av godt studioarbeid og kjende stemmer. Arthur Johan og Sindre syng og spelar som dei brukar. Eg skulle ønske at Arthur Johan i endå større grad kunne tone ned denne nasale stemmelyden han har lagt seg til. Det er ikkje kledeleg. Men nokre gonger på denne plata syng Arthur heldigvis annleis og betre enn vi har vore vane til å høyre han. Takk for det!

Tekstane

Det er utfordrande å halde seg til tekstane på denne plata. Som på dei fleste av dei mange platene Vassendgutane har velsigna oss med. Dei har vorte kalla «buskis», og i Store norske Leksikon står det at «buskis» handlar om «dårlig teater og underholdning; særlig om folkelig komedie eller revy.» Så veit vi det. Det er noko med at «folkeleg» er rekna som mindreverd. Eg er redd at mange assosierar det med noko av innahaldet på denne låtsamlinga. Og det betaler seg nok. Vassendgutane er den største publikumssuksessen i Noreg i dag. Vi bur her, og vi kjenner det dei skriv om, nemleg.

«Lett å vere å friar» er ei av dei tekstene som er verd å merke seg på denne plata. Her er Sindre Aam på sitt næraste og beste som tekstforfattar. Sindre eig kvalitetar i så måte som han skulle dyrka i langt større grad. Tenk å vere seg sjølv nær nok «sjølvom dine beste kompisa, dei prøva å holde dej igjen»? Ikkje eit snev av sanning om at dei klarer å halde deg igjen, rettnok. Det ber dei andre tekstene på plata solid vitnesbyrd om.

Her er meir eller mindre velskrivne rim om tema som kanskje er noko for nokre. Her er ytringar som talar til mange og der avvikarane er av dei som «ej likakje å ha dei her på gara», som Bjørn Dalene og Arthur Johan hevdar. Det er mulig at det er det næraste vi kjem sosial refleksjon frå Vassendgutane. Nokon må vel ta seg av den stakkars jenta som vert skildra i «Blazer Chevrolet» ? Det spørsmålet vert ikkje svara på i denne omgang.

Samfunnskomentator

Heller gir ikkje den etterkvart omdiskuterte «MeeToo» svar på noko som helst. Her har Sindre Aam prøvt å vere samfunnskommentator. Han er tydlegvis lei av at denne kampanjen vert omtala. Så vel han å skrive ei tekst om det, og utan at han på nokon måte klarer å formidle poenget som han tydlegvis sjølv har tenkt. Eg skjøner ikkje anna av denne songen enn ei von om at den snart må gløymast. Dette er og blir skivebom.

Alle songar er ikkje nemnt. Det er heller ikkje nødvendig. Vassendgutane har laga ei samling med songar, dei har som vanleg hatt god hjelp av Svein Erik Aamås i Audiofarm studio og han veit nok kva som skal til. Vassendgutane er og blir eit av Norges mest populære band.

Så fell hjartet for ein flotte song. Heilt til slutt er det ikkje sjanser for å kome forbi Rune Ståle Brautaset. Han bidreg med «Sirup og Snus». Syng gjer han bra også! Ein tekst om det evigunge temaet om at alt var betre før. Kanskje kan dette vere ei framtid, gutar? Eg held dette som plata sitt beste spor saman med «Lett å vere friar».

Så lenge folk kjem når Vassendgutane spelar, så lenge vil vi nok få to fjerdedels takt frå Vassendgutane. Og dei vil nok framleis underhalde oss med tekstar i to fjerdedeler om alt eller ingenting.

Denne plata er to fjerdedeles bra.