Finnanger Sandsmark vart presentert som ny direktør under ein pressekonferanse i Ivar Aasen-tunet måndag.

– Eg er overtydd om at Finnanger Sandsmark vil ta vare på Nynorsk kultursentrum på ein usedvanleg god måte. Vi leitte ikkje etter ein ny Ottar. Den nye direktøren skal få eigne bein å stå på, sa styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum då han presenterte den nye direktøren.

– Det er store sko å fylle etter Ottar Grepstad. Men endå større er skoa til dei 600.000 menneska som nyttar nynorsk, helsa Sandsmark.

Han tek over etter Ottar Grepstad som skal gå av med pensjon 1. november. Grepstad har sete i leiarstolen dei siste nitten åra.

– Eg ønskjer å jobbe for å gjere nynorskbrukarar stoltare. Eg vil at nynorsk skal vere sjølvsagt når som helst og kor som helst. Det er eit språk som er dobbelt så stort som det islandske.

I heile verda finst det meir enn 6.000 språk. 5.000 av desse vert brukte av færre enn 100.000 menneske.

– I Ivar Aasen-tunet og i Nynorsk kultursentrum har vi ei usedvanleg god verktøykasse for å få til målsettinga mi. Den fremste oppgåva som direktør er å legge til rette for at gjestene får minnerike opplevingar og ny forståing om språk, dikting og journalistikk, anten dei er på nett, arrangement eller museum.

Sandsmark voks opp i Halden, med foreldre frå Dalane og Nordmøre. No bur han i Volda. Han har alltid halde på nynorsk som hovudmål, sjølv då han var nokså einsam nynorskbrukar i oppveksten. Han er kulturvitar med mastergrad i kulturhistorie og museumsvitskap frå Universitetet i Oslo, og har hatt praksis ved fire museum. Frå hausten 2015 var han formidlar, festivalprodusent og prosjektmedarbeidar ved Olav H. Hauge-senteret. Sidan februar 2017 har han vore redaktør i Allkunne og medlem av leiargruppa i Nynorsk kultursentrum.

Han har allsidig politisk bakgrunn og har arbeidd som rådgivar på mange fagfelt for Venstre nasjonalt og Venstre si stortingsgruppe i åra 2011-2015, m.a.

Han har også mykje røynsle frå målrørsla og andre organisasjonar.

– Sandsmark er ein kapasitet, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm, som presenterte den nye direktøren i Aasentunet måndag.

– Han er fagleg sterkt, uredd, involverande og tenkjer nytt. Med sin store arbeidskapasitet går han grundig inn i nytt ansvar og nye oppgåver. Sandsmark har arbeidd i fleire avdelingar hos oss, og vist seg som ein samlande og lyttande kollega. Frå si politiske erfaring forstår han politisk makt og strategisk kommunikasjon. Han har det som skal til for å vere ein synleg og respektert direktør i Nynorsk kultursentrum, seier Solholm.

Det var fem kandidatar som søkte på direktørstillinga. To var til intervju.

– Då vi skulle konkludere, var ingen i tvil. Sandsmark er den vi såg etter. Nokon ny Ottar Grepstad kunne vi ikkje få, men dette generasjonsskiftet på toppen gir Nynorsk kultursentrum det vi treng no.