Vi hadde med heimanfrå det som husmora skulle lage mat av, fortel Eldbjørg Standal Tvergrov.

Ho er den siste attlevande personen som har budd på Stavset internatskule, og var førsteklassing i 1948/49, det siste skuleåret med internat.

Den frodande fonna

Tanken bak var at ungane skulle sleppe å ferdast langs den farlege skolevegen der Stavsetfonna truga. I tillegg kom ungar frå Molaupen og Strandabøen på andre sida av fjorden. Dei måtte jo over med båt.

Som etter mønster ifrå ei moderne lærebok om skikøyring og skredfare, gjekk Eldbjørg og dei to søskena hennar ein og ein forbi dei farlegaste partia. Det hadde dei fått beskjed om å gjere frå ho mor.

Rasfare: Eldbjørg Standal Tvergrov peikar mot der kor Stavsetfonna brukar å gå. Skredfare var grunnen til at internatskulen vart bygd.

Tvergrov ser ut vindauget, nordover. Ein gong stod det berre om meter. Fonna kom rett etter at ho og dei andre barna hadde passert.

Einaste av sitt slag

Trinna i den gode gamle trappa knirkar, eller rettare sagt smell, same kor lett eller tung ein er på foten. Skulen vart tatt i bruk i 1915. Over hundre år seinare er Synnøve Rekkedal Hill, mannen hennar Richard Hill og Hjørundfjord kulturvernlag elles, i gang med å redde bygget, som dei meiner er eit unikt kulturminne i nasjonal samanheng.

Gamal trapp: – Det er no likare å gå opp trappa enn ned, seier Eldbjørg Standal Tvergrov. Trappa er av det gode gamle slaget som knirkar så det smell etter.

– Dette er den einaste attverande skulen i landet som vart bygd på grunn av farleg skuleveg, seier ho.

Synnøve byrja å kartlegge verneverdiane for tolv år sidan. Noko måtte gjerast. Skulen var falleferdig.

Husmora heldt vakt

Elleve store vindauge er sett i stand att, etter strikte retningslinjer, på ein verkstad i Follestaddalen. Akkurat no står bygget utan vindauga. Dermed bles vinden som han vil, forbi dei gamle skulebenkane som kunne fått ringaren i Notre Dame til å sitte rakrygga, og opp trappa på loftet til «tausakvisten, og gutakvisten».

Leiar: Synnøve Rekkedal Hill er leiar i Hjørundfjord kulturvernlag. Å få restaurert Stavset internatskule er eit krevjande prosjekt som er på god ved til å lykkast.

– Husmora hadde rom mellom gutane og jentene, som ei vakt, fortel Eldbjørg.

– Du veit, når ein er 12–13 år, eller kanskje enda yngre, så byrjar ein jo å interessere seg for dei andre. Husmora heldt ro og orden.

Dei vaksne på skulen var greie, minnest Tvergrov. Likevel var det no ikkje fritt for at heimlengten kom snikande, særleg om kveldane når ein hadde krype til køys.

– Ja, det var lengt det – å vere vekke ifrå far og mor!

Men titt og ofte, fekk ungane ta turen heim att. Det var ei veke på skulen, så ei veke fri. Då elevane på Stavset hadde friveke, underviste læraren barna på Store-Standal.

Treng private kroner

Målet er at skulebygget skal vere ferdig restaurert innan 2021. Det kostar ikkje berre dugnadsinnsats, men til saman tre-fire millionar kroner, ifølge Hill.

Stavset internatskule: Slik ser internatskulen ut, når ein har blikket retta nordaustover.

Det er vanskeleg å skaffe midlar til å sette i stand kulturminne, i Noreg, synest ho.

For å få stønad frå fylkeskommunen må ein ha femti prosent eigenkapital, frå Norsk kulturminnefond førti prosent. Eigenkapitalen må kome frå det private, seier reglane.

– Eg vil oppmode næringslivet i Ørsta til å støtte oss. Vi spør ikkje om store beløp, men håper at mange kan kome på bana.

Ho lovar at dei som bidreg, om enn berre med litt, skal få bruke staden.

– Det er plikta til oss i kommunen å ta vare på dette kulturminnet. Det fortel ei nær historie om det at barna måtte flytte heimanfrå.

Dugnad: – Nokon jobber, medan andre pratar, seier Richard Hill ertande til ekftefellen Synnøve Rekkedal Hill og Eldbjørg Standal Tvergrov som blir intervjua

Tissemerke frå ei svunnen tid

Hill meiner òg at det handlar om respekt for dei som klarte å bygge ein slik skule i 1915, utan dei maskinane som vi har i dag.

På den tida hadde dei ikkje innlagt elektrisitet på skulen, men berre parafinlampe når det var naudsynt.

– Det har kome nokre tisseflekkar på golvet frå gutane gjennom år og dagar. Det var nok ikkje alltid så lett å treffe bøtta når det var mørkt, seier Tvergrov med eit smil.

Ja, tida sett sine spor på ulike vis. Og Stavset internatskule heldt på å bukke under for tidas makt, men er på betringens veg.