Jan Inge Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda, har i to år vore kjøpt fri av Samlaget for å gjere den store jobben.

– Eg sa ja med ein gong, smiler Sørbø med den rykande ferske boka mellom hendene.

Han har hatt boka på vekta: 2,2 kilo med nynorsk litteraturhistorie er det blitt.

By og land

I boka tek Sørbø føre seg fleire forfattarskapar. Han ser også på kva tema nynorskforfattarane har vore opptekne av i ulike epokar. Eitt eksempel er bondestudentane som bryt opp frå bygda og flyttar til byen.

– Dette temaet sette Garborg standard for med Bondestudentar. Men historia blir forandra og revidert for kvar generasjon. Stundom er bygda god og byen vond, stundom er det omvendt, og stundom er begge stader uuthaldelege, seier Sørbø.

Seinare har det handla om overgangen frå bondeyrket til industrisamfunn. Moderne forfattarar som Ragnar Hovland og Gunnhild Øyehaug er opptekne av mediekultur, musikk og filmar. Det er blitt mindre forskjellar på by og land og dette pregar også litteraturen.

Vegg av nynorskbøker

Omfanget av nynorsk skjønnlitteratur var sjølvsagt ei utfordring i arbeidet med boka.

– Det er meir stoff enn noko menneske klarer å lese. Ein må gjere eit utval, og det vil vere nokon som saknar forfattarar.

Ei anna utfordring var det også å skildre litteraturhistoria som ei historie om eit nynorskkollektiv

– Forfattarane er ikkje like, men likevel heng dei saman på eit vis. Det er fordi dei spring ut av same tradisjon. Forfattarane har ein vegg av nynorskbøker bak seg. Det sit i veggane. Dei høyrer lyden av «Dei gamle fjell i syningom», seier Sørbø.

Han ser at nynorskforfattarane kan prøve å kome seg vekk, men meiner arven påverkar stadig nye generasjonar.

Fleire store har forsvunne

Ottar Grepstad har talt opp 1401 nynorske skjønnlitterære forfattardebutantar frå 1850 til 2017. Berre vel ein tidel av dei har fått plass i Sørbø si litteraturhistorie. Ikkje alle er nasjonalt interessante. Nokre har gjerne berre gitt ut ei bok.

Fleire som har vore store i si samtid har seinare forsvunne. Eitt døme er Henrik Rytter, med bakgrunn frå Haramsøya og Ørsta. Få kjenner han i dag, men han var god i mellomkrigsåra og har fått plass i boka.

Sørbø trekkjer også fram Gro Holm som ein interessant forfattar frå 1930-talet. Ho skreiv om Løstølsfolket og livet på eit småbruk i Hardanger.

Sunnmøringar er med

Sunnmøre er godt representert med forfattarar i fleire epokar.

Ivar Aasen er sjølvsagt med. Det same er Anders Hovden som spelte ei stor rolle for nynorsk salmedikting og gjerne er den som har formidla nynorsk til flest personar.

Sørbø trekkjer elles fram Marie Takvam, ein forfattar han meiner er blitt undervurdert.

Frå krise til vekst

På slutten av 1950-talet og starten på 60-talet var det nærast krisestemning for nynorsk skjønnlitteratur. Nesten ingen debuterte, men så begynte den store etterkrigsgenerasjonen å skrive.

I dag merkar Sørbø seg at det er god tilvekst og mange interessante bøker. Og det er høg prosentdel prisvinnarar blant nynorskforfattarar.

– Den nynorske litteraturen verkar svært vital no, seier han.

Eit anna trekk ved notida er at det er mange kvinner skriv nynorsk skjønnlitteratur.

Sørbø trekkjer også fram at ein ikkje lenger høyrer at folk ikkje vil lese nynorske bøker fordi dei ikkje forstår. Edvard Hoem sine slektsbøker sel godt. Og Elena Ferrante, som er omsett frå italiensk til nynorsk, sel i store opplag også her i landet.